No får «Suen» ein pris oppkalla etter seg


Rune «Suen» Sviggum var alltid ein del av fotballmiljøet til IL Høyang. No vil fotballgruppa heidre han ved å opprette «Suenprisen». Den skal kvart år gå til ein spelar i dei aldersfastlagde klassane.

Reidar Grønli er ny leiar av IL Høyang og fotballgruppa, og forslaget hans om å opprette «Suenprisen» vart teke varmt imot både avfotballfamilien og Rune «Suen» Sviggum sine næraste. Bidraga som vart gitt til fotballgruppa ved «Suen» sin bortgang skal nyttast som grunnlag for prisen.

–Vi lurte litt på korleis vi skulle bruke gåvene til å heidre «Suen».  Familien ønskte at gåvene skulle komme til nytte for dei aldersfastlagde klassane. Dei  syntest «Suenprisen» var ein veldig god ide, og ein fin måte å heidre minnet hans på, seier Grønli til Ytre Sogn.

Sviggum, som gjekk bort i mars i år, var nemleg levande oppteken av fotball, ikkje minst på lokalt plan i Høyanger. Men han hadde også ein del av hjarta i klubbane Manchester United og Rosenborg.

Elles var «Suen» også trenar for blant andre Grønli, og seinare vart han ei viktig brikke som keepertrenar då Kåre JMjelleligjekk til Sogndal. I tillegg til alle oppgåvene for IL Høyang på trenarsida, var «Suen» journalisten som i 40 år dekka fotballkampane på Sletta, først for Sogn Dagblad og sidan for Ytre Sogn.

Første utdeling

- Kven kan få denne prisen?

–Kriteria for prisen er enno ikkje klare. Trenarkomitéen skal lage ei innstilling til kriteria og legge dette fram for styret,  der avgjersla blir teken. Kva prisen skal vere blir også vedteke der, svarar Grønli.

- Har du sjølv nokre tankar rundt kriteria?

- Ingenting er klart, men vi har nokre tankar og fleire vil det bli når vi får diskutert det grundig. Kanskje er det ein spelar som viser vilje til å stå på og jobbar hardt? Kanskje er det den som har best utvikling, eller den som har jobba mest, men ikkje fått den store framgangen? Kanskje er det ein med desse verdiane som skal få prisen? spør Grønli, før han legg til: - Vi har som sagt ikkje sett kriteria for kven som skal få prisen, men vi har fått inn fleire gode forslag. Det er verdiane i klubben og det som karakteriserte «Suen» som bør ligg til grunn. Dermed bør godt humør og humor heilt klart også vere vesentlege kriterier. Så kanskje kan ein som alltid møter opp sørger for smil, humor og godt treningsmiljø vere ein kandidat, seier Grønli.

Første utdeling av «Suenprisen» blir etter inneverande sesong.