No får lag og organisasjonar i Høyanger 800 000 kroner


Etter å ha fått 400 000 kroner frå Hydro Høyanger, øyremerka idretts- og kulturføremål i lokalsamfunnet, svara Høyanger kommune med å gje tilsvarandee beløp. 


- Vi skjønte at det kom til å skape forventningar hos lag og organisasjonar rundt om i kommunen, og at mange om til å søkje om midlar. Difor fann vi politikarar ut at vi ville stille med tilsvarande beløp som Hydro Høyanger, altså 400 000 kroner, seier ordførar Petter Sortland.

Felles er det skal å kompensere for dei negative konsekvensane pandemien har ført med seg, i form av redusert aktivitet i lag og organisasjonar. 


- Ikkje minst har det vore viktig å prioritere born og unge, som på mange måtar har hamna mellom to stolar, påpeikar han.



Fekk 15 søknader


Tilsaman fekk kommunen inn 15 søknader, og alle har no fått midlar etter at Utval for kultur og folkehelse fordelte dei på sist møte. Utvalsleiar Birgitta Hagen Kyrkjebø fortel om godt dokumenterte søknader. 


- Fleire av dei går til lag og organisasjonar som driv bygg rundt om, men som har viktige inntekter sidan arrangement - som til dømes basarer - ikkje kunne gjennomnførast, på grunn av pandemien, seier Hagen Kyrkjebø.


Både ho og kommunalsjef for kultur og folkehelse Anita Nordheim hadde trudd at det kom fleire søknader. 


- Men det finst også fleire andre statlege tilskotsordningar ein kan søkje på, og eg reknar med at nokre også har gjort det, seier Nordheim, og nyttar også høvet til å rose politikarane for at dei tek dette løftet for kultur- og idrettslivet i kommunen.

- Det er få kommunar kjem opp med friske midlar til dei som driv frivilleg arbeid i kommunen, og som har hatt det tøft.

Løyser ut meir


Hydro Høyanger har på si side valt å dele sine 400 000 kroner mellom to føremål.

- Det eine er Siplo Tråkkemaskindrift, som får 200 000 kroner til å oppgradere - og forlenge - barneskitrekket sitt på Høyangerfjellet. Det andre er 200 000 kroner til nytt sanitæranlegg på badeplassen på Austreim. Begge deler er tilbod som vert brukt av mange, seier personalsjef Jonny Manseth. 


Sortland peikar på at midlane frå hjørnesteinsbedrifta ikkje berre har ført til at kommunen valde å løyve tilsvarande beløp.


- Det utløyser også meir i statlege midlar, i form av spelemidlar til barneskitrekket og som friluftsmidlar til badeplassen. Midlane frå Hydro Høyanger har såleis ein veldig effekt, ved at det plutseleg er mogleg å prioritere begge desse prosjekta, seier han.

Desse får koronamidlar:

Utval for kultur og folkehelse i Høyanger har vedteke å fordele potten på 400 000 kroner til lokale koronatiltak slik;

Høyanger skolemusikk - 30 000kr
Lavik IL - 2 500 kr

Vadheim IL - 30 000 kr

Kyrkjebø sanitetslag - 15 000 kr
Ikjefjord bygdelag - 40 000
Turngruppa, IL Høyang - 20 000 kr
Røde Kors - 22 500 kr
Fjordbrass Lavik - 45 000 kr
Klatregruppa, IL Høyang - 20 000 kr
Torvund og Aven grendalag - 20 000 kr
Lavik karateklubb - 25 000 kr
Bjordal og Søreide IL - 20 000 kr
Fotballgruppa, IL Høyang - 50 000 kr
Lavik skolemusikk - 60 000 kr 



I tillegg gir Hydro Høyanger likelydande sum, totalt 400 000 kroner; Siplo Tråkkemaskindrift får 200 000 kroner til å oppgradere barneskitrekket medan det blir gitt 200 000 kroner til sanitæranlegg på badeplassen på Austreim.