Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. september 2019
Ytre Sogn 23. september 2019

Den nye ambulansestasjonen i Høyanger vart fredag offisielt opna. Blant dei som var til stades var sjef for ambulansetenesta i Helse Førde, Stian Sægrov (t.h.). (Foto: Mohanned Galal)

Ambulansestasjon i Høyanger er opna

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 31. mars 2019

Fredag var det offisiell opning av den nye ambulansestasjonen på Leira i Høyanger.

Til no har nemleg ambulansetenesta i Høyanger hatt tilhald i ein bustad i Høgebakkane, rett utanfor sentrum.

– Eg er svært glad på vegne av dei tilsette at den nye stasjonen no er klar til bruk. Den vil gje betre trivsel og vere meir appellerande for rekruttering, sa sjef for ambulansetenesta i Helse Førde, Stian Sægrov.

Han var til stades på opninga, saman med tilsette og inviterte gjester. Blant dei var ordførar Petter Sortland, rådmann Kjellaug Brekkhus, styreleiar i Leira Næringspark Kjartan Longva og næringssjef Terje Søreide.

I talen sin fortalde ambulansesjefen at det har vore ei utfordring å finne det rette lokalet.
– Jakta på ny stasjon i Høyanger har vore ei lang reise og ei utfordring for oss som jobbar i administrasjonen i Helse Førde. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette har tært på dei tilsette i Høyanger, og difor er eg svært glad på vegne av dei at den nye ambulansestasjonen no er klar til bruk. Dette er ein moderne stasjon som vil gje betre trivsel og vere meir appellerande for rekruttering. Lokaliseringa i sentrum er positiv med omsyn til utrykkingstid og kort avstand til legekontor og sjukeheim, seier Stian Sægrov.

Stasjonen i Høyanger har dei siste åra hatt aukande oppdragsmengde, spesielt etter utvidinga då ambulansestasjonen i Balestand vart lagt ned i 2013.
– Det å kome inn i moderne lokal i staden for å vere i ein leilegheit, slik vi har vore dei siste 15 åra, er heilt fantastisk. Det er sentralt, noko som gjer at utrykkingstida kan bli nedkorta med fleire minutt. Men den største positive faktoren er trivselen hos dei tilsette, og at vi no stettar arbeidsmiljøkrava i høve rein og urein sone, noko vi ikkje har hatt tidligare. Dette – saman med flotte garderobetilhøve – er no på plass i første etasje, i tilknyting til garasjen, fortel områdeleiar Kjartan Heggø til Ytre Sogn.

 

 

 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord