No blir «Grønnebrua» sikrare


Ved påsketider vil ei ny, sikrare bru over Daleeleva i Høyanger sentrum stå ferdig.

– Det er spesielt rekkverket som er dårleg. I tillegg til å vere altfor lågt, er det store opningar mellom spilene. Så no blir det skifta ut, og brua dermed også sikrare for alle dei som bruker den, seier Olav Nordgulen, leiar for drift og vedlikehald i Høyanger kommune, og viser til at «Grønnebrua» er på skulevegen til mange av dei som bur på Sæbø.

Likeeins blir den brukt når dei skal til og frå idrettsanlegget.

Nordgulen fortel at det var innspel til kommunen si Trafikktryggleiksgruppe om å sikre brua som førte til at dei no er i gang med nettopp det.

– Vi har ei liste vi går igjennom kvart år når vi søkjer fylkeskommunen om såkalla TIK-midlar (Trafikktryggingstiltak i kommunane, red.mrk), og i fjor var det blant anna «Grønnebrua» – eller «Vetlebrua» som den også vert kalla.

Totalt vil det koste rundt 350 000 kroner å sikre den.

– Av dette fekk vi 240 000 kroner frå fylkeskommunen, det vil seie rundt 2/3 av totalkostnadene, og det er vi nøgde med. Utan dei midlane hadde vi ikkje kome i gang med dette no.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!