No blir det døgnkontinuerlig arbeid i Vadheimstunnelen


Frå måndag neste veke vil det bli arbeidd i Vadheimstunnelen døgnet rundt.

Det betyr også kolonnekøyring dag og natt.

– På grunn av mykje sprengingsarbeid har vi til no arbeidd frå klokka 18 om kvelden til klokka 6 neste morgon. Då har vi behov for å ha lengre stengingar, og la arbeidet til tida på dlgnet med minst trafikk. Men det vart vi ferdige med til vi tok ferie i byrjinga av juli. Så no byrjar vi det vi kallar etterarbeidet i tunnelen, fortel Martin Hefre Johnsen, anleggsleiar hos Hæhre som har oppdraget med å rehabilitere tunnelen på fv 55, aust for Vadheim.

Denne veka starta dei opp igjen arbeidet, etter å ha teke ferie siste tre vekene.

– No skal vi i gang med grøftearbeidet som ikkje krev så lange stengingar, og det gjer vi om dagen, seier Johansen og peikar på at slikt døgnkontinuerleg arbeid også betyr raskare framdrift.

– Vi ønskjer jo eit godt forhold til dei som trafikerer vegen, og skjønar belastinga det er med kolonnekøyring døgnet rundt. Men det handlar jo også om at det skal vere trygt å ferdast i tunnelen, både for dei som arbeider i den, og for dei som elles brukar den. Og så blir vi jo raskare ferdig, understrekar han.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!