NM-sølv til Nina (15) frå Hyllestad


Nina Torvund (15) frå Hyllestad hadde matchball på stillinga 5-4, men tapte 5-6 for Ine Helvik frå Svithun i NM-finalen i 8-ball søndag.

Nina Torvund er i gang med finalespelet. (Foto: Gjermund Flage)

Dermed vart det sølvmedalje til 15-åringen frå Hyllestad IL si biljardgruppe. Lagveninna Vilde Mary Dingsøyr Holme tok bronsemedalje i NM i 8-ball, som gjekk i Oslo frå 20. til 22. januar.

– Eg vart litt nervøs mot slutten, og bomma på den siste ballen. Så eg var ganske nærme. Men akkurat no er eg mest glad for å ha vunne sølvmedaljen, ikkje at eg tapte gullmedaljen, seier Nina Torvund om det som er beste resultatet hennar i NM på seniornivå.

Tidlegare har ho teke bronsemedalje.

Og bortsett frå siste ballen er ho nøgd med spelet.
– Eg trur det er det beste eg nokon gong har spelt, om eg ser bort frå avslutninga. Eg traff dei ballane eg ville, seier ho om finalen.

Men også i semifinalen gjorde ho sakene bra. Der slo ho Kendall Onstad frå Oslo 6-3. Onstad er den som, i lag med Helvik, har bytta på å vinne NM dei siste åra.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!