Nina Torvund vart europameister


-Det å vinne gullmedalje her under Europameisterskapet i Nederland er noko av det største eg har opplevd hittil som biljardspelar, seier 17 år gamle Nina Torvund frå Hyllestad til Ytre Sogn.

Etter fem innleiande og jamne rundar, samt ein spennande semifinale mot Alina Brummer, ein god tysk motstandar, sikra 17 år gamle Nina Torvund frå Hyllestad IL si første internasjonale gullmedalje i 10-ball etter å ha slått kviterussiske Daria Cheprasova i finalen med resultatet 5 – 4.

-Eg har sju NM-gull frå før, men har aldri vunne gullmedalje i eit internasjonalt meisterskap. Så dette er noko av det største eg har opplevd, seier den oppstemte og glade gullvinnaren på telefonen frå Veldhoven i Nederland, der Europameisterskapet i biljard går av stabelen 19. – 31. juli.

Les meir om gladsaka i Ytre Sogn fredag!