Nina (19) imponerte i biljard-NM


Nina Skresholdt Torvund (19) frå Hyllestad imponerte med ein 5.plass i den opne norgesmeisterskapen i biljard, der mange av dei aller beste spelarane var med.

Meisterskapen var for senior, i disiplinen 10-ball, og Hyllestad stilte med i alt sju utøvarar i feltet som talte 45. Dei vart slått ut ein etter ein. 

Berre Nina Skresholdt Torvund (19) heldt stand, og spelte betre og betre utover i turneringa.



- Det var ei veldig bra helg, og eg er veldig fornøgd med både spelet og resultatet. Det var godt å vite at eg kan vere med i eit ope mesterskap fordi eg har moglegheit til å gjere det bra, og ikkje berre for øvinga si skuld, seier Torvund, som no bur og studerer i nettopp Trondheim, til Ytre Sogn.



For sjølv om det byrja med tap i første kamp fredag, spelte ho seg verkeleg opp laurdag. Først i kvartfinalen sa det stopp, etter å ha tapt med knappast mogleg margin mot Knut Inge Røstvold frå Trondheim BK. Han enda for øvrig på 3.plass i meisterskapen.

Før det hadde ho blant anna slått Ole Kristian Rudshavn frå Oslo BK, rekna som ein av landets mest framgangsrike biljardspelarar.

Les meir i neste Ytre Sogn!