Nettvett blir tema


Førebuingane til den årlege Tryggleiksveka i Høyanger kommune er allereie i gang.
- Nettvett hos barn og unge er blant tema, seier folkehelsekoordinator Ingrid Helle til Ytre Sogn.

Til å halde føredrag om dette svært aktuelle temaet har dei fått Jostein Bildøy frå Barnevakten i Førde.

– Barn og unge tilbringer stadig meir tid på nett. Føredraget handlar om mobbing, som har teke nye vegar, via nett og mobil. Korleis artar mobbinga seg, og kva kan foreldre gjere for å hindre at barna deira blir mobba - eller mobbar? Det er blant det han kjem til å snakke om, først til skuleelevar på ungdomstrinnet på dagtid og så til foreldre på kveldstid, seier Ingrid Helle.

Føredraget skal vere torsdag 22. september.

Same dag blir det også helsedag med ulike stands, anten inne i samfunnshuset eller ute på Bytorget - avhengig av vêret.

Ulike aktivitetar

Men ifølgje Helle er dette berre noko av det som vil skje i løpet av Tryggleiksveka, som også i år er lagt til veke 38. Det vil seie frå 19. til 25. september.
-Gjennom heile veka blir det ei rekkje aktivitetar knytt opp til tryggleiksarbeid, rundt om i kommunen, og for ulike aldersgrupper. Blant anna vil barnehagar og skular få besøk av brannvesenet, som vil lære dei om brannvern, medan politi vil ha fokus på trafikk, seier Helle.

Ho peikar på at tryggleik er noko Høyanger kommune arbeider med heile året, men at det skjer i endå større grad i den årlege Tryggleiksveka.

- Høyanger var, saman med Årdal, blant dei første kommunane i Sogn og Fjordane som vart sertifisert som «Trygt lokalsamfunn», eller «Safe Community», som den internasjonale modellen heiter. Seinare har Skadeforebyggende Forum (SKAFOR) utarbeidd ein ny modell, som er meir tilpassa norske forhold.

Må reserifiserast

Helle fortel at Høyanger kommunen vart sertifisert i 2002, og at dei har arrangert Tryggleiksveka like lenge. Kommunen har fått mykje skryt for arbeidet sitt på feltet.

–Det er imidlertid ikkje slik at når vi har blitt sertifisert som «Trygt lokalsamfunn», så er vi det for alltid. Det er ikkje tilfelle. Vi må resertifisere kvart femte år, og vi - det vil seie det tverrfaglege folkehelserådet i kommunen - arbeider no med å bli det for tredje gong. Vi er i så fall dei første som blir sertifisert etter den norske modellen, og kanskje får vi det til i løpet Tryggleiksveka, seier Helle.