Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. januar 2019
Ytre Sogn 19. januar 2019

Nessane (biletet) blir del av Høyanger kommune, medan Sæle og Lindane blir verande i Balestrand kommune.

Nessane blir del av Høyanger kommune

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. desember 2018

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom kommunane Balestrand og Høyanger skal justerast slik at grunnkrinsen Nesse blir flytta frå Balestrand til Høyanger kommune.

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som iverksettinga av samanslåinga av Balestrand, Leikanger og Sogndal til nye Sogndal.

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjere sidan det er gode argument frå både Nessane Grendelag og frå kommunane som no skal bygge nye Sogndal, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Initiativet til å flytte området kom frå Nesse Grendelag. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjort ei god og grundig utgreiing av saka. Departementet har hatt møter med dei involverte kommunane og representant for Nesse Grendelag før vedtaket vart fatta.

Vedtaket inneber at bygdene Sæle og Lindane blir verande i Balestrand.

– Eg har lagt avgjerande vekt på at denne endringa vil gje innbyggarane i Nesse krins ein betre kvardag med enklare tilgjenge til kommunale tenester, seier statsråden.

Departementets vedtak om grensejusteringa er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord