Navdar satsar som herrefrisør


– Eg hadde lyst til å jobbe med det eg vil og kan, seier Navdar Omar og smiler.

Og denne veka opna han den nye herrefrisør-salongen sin, «Kløpper’n frisør», i Storgata i Høyanger.

Han kom til Norge som asylsøkjar frå Syria i 2015, og vart til mottaket som då var i Høyanger.

– Eg jobba som herrefrisør i Direk før eg kom hit. Det var noko eg likte å drive med, og då eg i sommar ikkje lenger hadde jobb på Høyanger hotell måtte eg finne meg noko anna. Så eg bestemde meg for å ta opp igjen frisøryrket, men no i eigen salong. Og etter det har det gått fort, seier Navdar Omer med eit smil.

Han fortel at han hadde tilbod om jobb andre stader, men hadde ikkje lyst til å reise frå Høyanger. Til det trivst han for godt.

- Kjærasten min bur her, eg spelar fotball på A-laget - og no har eg også mi eiga bedrift, seier han.

Les meir om salongen hans i neste utgåve av Ytre Sogn!