Nærmar seg filminnspeling i Høyanger og Vadheim


Rundt 20 aktørar frå næringslivet i Høyanger, Vadheim og Lavik møtte opp då produsentane av den nye store katastrofefilmen «Tunnelen» fredag var i Høyanger.

Dei to - Einar Loftesnes og John Einar Hagen - kom for å informere om moglegheitene som ligg i innspelinga for dei.

Det aller meste av innspelinga vil skje i kommunane Vik og Høyanger. Den starta i Vik i førre veke, og planen er å komme til Høyanger neste veke. Då ventar fire dagar med filming i Høyangertunnelen og 11 dagar i Flotenestunnelen, utanfor Vadheim.

«Tunnelen» er ein av dei største norske filmproduksjonane i 2019, med eit budsjett på rundt 35 millionar kroner. Handlinga går føre seg i ein vinterstorm på høgfjellet, 1000 m.o.h., der familiar på veg heim til jul blir fanga i ein katastrofal tunnelbrann.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!