Musikal med høg hårspray-faktor


Når elevane på Sunnfjord Folkehøgskule i Førde set opp musikalen «Hairspray» er det elevane ved frisørlinja til Høyanger vidaregåande skule som sørgar for dei rette mengdene hårspray.

Dei har nemleg fått ansvar for hår og sminke, til dei i alt 25 aktørane i den populære oppsettinga, som blir å sjå på scena i Førdehuset denne veka.

- Det krev ein heil del tupering og - ikkje minst - hårspray for å få det rette volumet på frisyrane som var på 60-talet, som er då handlinga i musikalen er lagt til. Men det skal vi greie, seier Heidi Kristin Humlestøl frå Høyanger og Sandra Jeanett Hjortland frå Svelgen.

Saman med seks andre elevar på frisørlinja i Høyanger har dei brukt siste vekene på å førebu seg til oppdraget, og når vi er innom nokre dagar før premiéren er det frisyrane til Tracy, Penny og dei andre sentrale karakterane i «Hairspray» som blir diskutert.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Elevane i Høyanger har brukt desse modellane til å øve seg på når dei skal lage 60 tals-frisyrane.