MultiVolt vert slått saman med BKK-selskap


Entreprenørselskapet BKK Enotek fusjonerer med Hyllestad-bedrifta MultiVoltd. No vert det lova fleire arbeidsplassar i i distriktet.

Medan BKK Enotek overtek MulitVolt, får dagens eigarar av MultiVolt Holding aksjar i BKK Enotek. -

Eg trur samanslåinga vil bidra til å skape fleire arbeidsplassar i distriktet vårt. Vi ser verkeleg fram til å bli ein del av BKK Enotek si offensive satsing. Vi blir del av ein storaktør på Vestlandet, og som har ambisjoner utover det. Vi ser at kompetansen vår passar perfekt her, seier Tore Bråstad, gründer, dagleg leiar og medeigar i MultiVolt, i ei pressemelding.

Bedrifta - spesialist på elektrifisering, med oppdrag innan både industri og havbruk - vart starta i 2019 med han og Jan-Helge Lekva som hovudeigarar. I dag har MultiVolt 24 tilsette fordelt på hovudkontor i Leirvik, avdelingar i Dale og Sløvåg, samt montørbase i Florø.

- Eg er veldig stolt over kva vi har fått til på seks år, men vi må vere med på utviklinga som skjer. Vi har alltid sett framover, og vore opptekne av å jobbe med det vi tykkjer er spennande. Der trur vi no at vi får fleire moglegheiter, gjennom fusjonen med BKK Enotek, seier Bråstad.

BKK Enotek, med hovudkontor på Kokstad i Bergen, byggjer og driftar straumnett. Selskapet vart etablert av BKK i 2016. Frå 2017 vart entreprenørverksemda til Mørenett fusjonert inn. Sistnemnte sine eigarar, Tafjord Kraft og Tussa Kraft, er medeiegarar i BKK Enotek. Sidan oppstarten har dei skapt 50 nye arbeidsplassar på Sunnmøre og i Hordaland.

- Fusjonen med MultiVolt skal bidra til fleire arbeidsplassea lokalt. Den er eit tydeleg signal om at Sogn og Fjordane er svært viktig for oss, sier Ketil Tømmerne, administrerande direktør i BKK Enoteks.