Multivolt dobla omsetnaden


Multivolt får stadig fleire oppdrag utanfor fylket. Det viser også att på omsetnaden.

I fjor hadde bedrifta med hovudkontor i Leirvik ein omsetnad på 41,7 millionar kroner. Året før var den på 20,3 millionar kroner. Altså har Multivolt - som er totalleverandør innan elektro - meir enn dobla omsetnaden sin.

– Vi har hatt ein kraftig vekst i oppdrag, spesielt inn mot havbruksnæringa, der vi blant anna er leverandør av høgspent landstraum. Oppdrettslokalitetar ligg jo eit stykke frå land, og ein går frå 400 til 27.000 volt for å få nok straum gjennom kabel, gjerne på eit par kilometer, seier dagleg leiar Tore Bråstad til Ytre Sogn.

I fjor sørga dei blant ann for landstraum til lokalitetar i Fensfjorden i Hordaland.

–-Det at vi no har fleire oppdrag utanfor det som har vore hovudmarkanden vår, det vil seie ytre delane av fylket, var også spesielt med fjoråret.

Han seier at det heile tida har lege i strategien deira.

– Men det var først 2018 at det verkeleg losna, seier Bråstad.

I tillegg til dei to vestlandsfylka, har Multivolt også hatt oppdrag i andre fylke, blant anna i Trøndelag og Oppland.

. Vekst i nye oppdrag har også medført at vi har vore nøydde å tilsette fleire, seier Bråstad

Berre i løpet av fjoråret auka talet på tilsette frå 15 til 21.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!