Monika har strikka vêret i 2018


– Slik var vëret i Vadheim i 2018, seier Monika Stusdal Sagen og held opp teppet ho har strikka.

Det er nemleg eit årsteppe, som viser korleis vêret var i året som gjekk.

– Teppet har i alt 365 striper, ei for kvar dag. Fargen på stripa fortel kva vêr vi hadde den enkelte dagen. Gul, til dømes, er sol, og grå er regn, medan kvit er snø. Vidare brukte eg mørkgrøn når det var opplett og minusgrader og lysgrøn når det var opplett og plussgrader, forklarar Monika Stusdal Sagen medan ho held opp det store, fargerike teppet ho nyleg vart ferdig med.

Til vanleg jobbar ho som lærar, blant anna i visuelle kunstfag i Høyanger kulturskule.

– Eg har fagbrev som strikkeoperatør, og jobba tidlegare på Oleana, som er ein tekstilfabrikk i Ytre Arna. Då gjekk det, naturlegvis, mykje i fabrikkstrikk. Det var først etter at eg kom til Vadheim at eg tok opp att handstrikk, fortel ho.

Og no har ho alltid eit strikkeprosjekt liggjande Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!