Mona Grini er årets Gunnar S-stipendiat


- I Høyanger er dei vanskeleg å kome utanom, seier biletkunstnar Mona Grini (biletet) og ser opp mot dei høge, bratte fjella som omkransar tettstaden.

Blikket stoppar på Gråberget.



- Dei er veldig dramatiske, seier ho.



Natur og fjell er gjerne motiv i bileta til årets Gunnar S-stipendiat, som kjem frå Skien, men no bur i Oslo.



Ho jobbar både med måleri og grafikk, og sist veke var ho tilbake i Høyanger for å hente meir inspirasjon frå staden og omgjevnadane til bileta som etter kvart blir å sjå i Gunnar S-galleriet.



- Eg var her første gong i juni, og tilbrakte då ei veke i Høyanger, som eg brukte på å reise omkring og fotografere. På den måten samla eg inntrykk som eg jobba vidare då eg kom heim. No er eg her igjen, og denne gong har eg også med litt målarsaker, fortel Mona Grini når vi møter ho framfor galleriet i Byporten denne føremiddagen i slutten av august.



Eit av måleria Mona Grini har laga, med tittelen ""Vannvei".


Les meir i siste Ytre Sogn!