Moglegheit for å teste utdanning


Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri har arrangert teknoleir for ungdom i Høyanger

Elias Fredriksen teiknar opp korleis bilen skal sjå ut. Elias Fredriksen teiknar opp korleis bilen skal sjå ut.

Føremålet med teknoleiren for ungdom er å gje elevar i ungdomsskulen innblikk i dei ulike fagretningane innanfor teknikk og industriell produksjon. Espen Kirketeig og Bengt Edvardsen stilte opp på Høyanger vidaregåande skule tidleg torsdag morgon, for å gje opplæring i ulike teknologiske utfordringar til Lars Klævold Heggenes, Elias Fredriksen og Olav Fossen. Elevane var godt i gang med ein liten trebil som dei hadde halde på med tidlegare i veka. Fredag var det tid for å teste den ut.

– Kvifor vart du med på dette?

– Dei kom på skulen vår og informerte om leiren. Eg tykte at det høyrdest veldig spennande ut. I tilegg har eg fått eit godt innblikk i korleis det er å gå denne linja. Men eg er framleis usikker på kva eg skal velje til neste år, svarar ein konsentrert Lars Klævold Heggenes, som driv og pussar på ein trekloss til bilen han lagar.

Supert tiltak

Olav Fossen driv også på med å montere bilen som skal bli ferdig dagen etter.
– Korleis er det å vere på skulen når du eigentleg har sommarferie?

– Det er annleis, men artig! Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere til neste år, men den mekaniske linja virkar interessant, seier han.

Avdelingsleiar for yrkesfag, Jardar Trollebø på Høyanger vidaregåande skule tykte at det var eit supert tiltak og takka ja med ein gong dei vart kontakta av opplæringskontoret.

– Det gir elevane som skal byrje på skulen til neste år, og som kanskje er usikker på kva linje dei skal velje, eit innblikk. Så vi tek imot opplæringskontoret med opne armar og tykkjer det er eit topp tiltak! seier Trollebø

Sveisinga best

Både Lars Klævold Heggenes, Olav Fossen og Elias Fredriksen tykkjer at sveisinga er det beste hittil og fortel at veka har vært svært lærerik. Sistnemnde sit ved pulten sin og teiknar opp korleis bilen hans skal sjå ut.

- Er mekanisk fag noko for deg?

– Ja, absolutt! Eg skal utan tvil velje denne linja til neste år!

– Kvifor reiser de rundt å besøkjer skular?

- Det er for å gje elevane ein moglegheit til å teste ut denne type utdanning. Vi vil auke interessa for industri- og teknologifag blant ungdom i Sogn og Fjordane, svarar Espen Kirketeig og Bengt Edvardsen.
–Kva gjer de i løpet av denne veka?

– Vi har drive med 3D-teikning, 3D-printing, laserskjæring og sveising. Bilen dei lagar no har vore det overordna målet heile vegen.