Mistar jobben etter 15 år på fabrikken


- Avgjerda med å leggje ned produksjonen er utruleg trist og går utover mange her i Høyanger, seier tillitsvald Terje Ljotebø hos Nyrstar til Ytre Sogn.

Stemninga blant dei 36 tilsette er difor ganske laber etter at deii fekk vite at produksjonen i Høyanger blir lagt ned.

- Etter at vi i juli fekk eit hint om at vi ikkje fekk leveranse av råstoff frå Nyrstar i Nederland visste vi at dette kunne skje. Men vi håpa i det lengste at det ikkje ville gjere det, seier Ljotebø og fortel at dei no har råstoff til slutten av september.

I tillegg er det ein del opprydding som må gjerast,

- Men ingen har fått noko oppseiing, så førebels veit vi ikkje den endelege sluttdatoen, seier han.

- Uforståeleg

Ljotebø er ein av dei som har vore med frå fabrikken vart starta opp for 15 år sidan.

- Då var alt nytt, og ingenting var prøvd ut før, så det vart ein del prøving og feiling i byrjinga. Men det har blitt betre og betre med åra, og i førre månad låg vi over budsjett, seier Ljotebø, som har trivst godt i jobben, saman men flinke kollegaer.

Ein av dei er Trude Julseth, som og har vore med frå oppstarten. Ho tykkjer det heile er trist og litt uverkeleg.

-Dette hadde vore meir forståeleg om produksjonen gjekk dårleg og tala var raude, men vi tener jo pengar «som gras», så dette er rett og slett ikkje til å forstå, Men vi får berre prøve å puste med magen og satse på at det som skjer no berre er for ein liten periode, og at vi er i gang igjen om få månader. Men viss dette går vegen som er førespegla og ein ikkje får andre aktørar på bana raskt, så vil dei miste mykje god kompetanse, seier ho.

Les meir om saka tysdag!