Misnøye med vasskvaliteten på Kyrkjebø


Tysdag 28. juli fekk innbyggjarane på Kyrkjebø nok ein gong melding om kokepåbod frå Høyanger kommune.

I samband med funn av E. coli-bakteriar i vassforsyninga til innbyggjarane på Kyrkjebø vart det sendt ut kokepåbod med verknad frå tysdag 28. juli. Dette vekte reaksjonar, mellom anna på Facebook, der folk uttrykte frustrasjon og motløyse då det ikkje er første gong dette skjer.

Arne Ueland, som starta innlegget på Facebook, har i grundige ordelag skrive om korleis vassleidningane ligg nedgravne og korleis vasskjelda ligg open for ureining på vegen frå Vetlevatnet til Kyrkjebø vassverk. Her vert vatnet kjemisk reinsa og filtrert slik at vatnet som går ut til innbyggjarane er meint å vere helsesamt og i samsvar med gjeldande lovverk for kommunalt drikkevatn, men Høyanger kommune har hatt vanskar med å få stabil reinsing i anlegget.

– Kommunen ønskjer auka tilflytting. Kyrkjebø har eit stort potensiale i så måte, og kommunen har stimulert til dette ved å etablere byggjeklare tomter og tilby etableringsstønad. Om dette er seriøst meint kan ein ikkje tilby ei drikkevasskjelde som no og i framtida har potensiale for å påføre innbyggjarar sjukdom og helseskade – og heller ikkje dekkjer vassbehovet gjennom året. Vi har dessutan to helseinstitusjonar i bygda, noko som og burde vere vektleggjande for at vasskvaliteten er av beste sort, meiner Ueland.

Ueland påpeikar og at det ligg ein helsefare i at vatn- og kloakkrøyr ligg i same grøft. Dette fordi gamle røyr ikkje er tette i skøytane. Dessutan kan det vere hol eller sprekker som fører til at kloakk sig ut i massane i grøfta.

– Vi er ikkje ukjende med store nedbørsmengder i vårt distrikt – og ekstremnedbør vil dominere i framtida. Belastninga på gamalt leidningsnett vert utfordra. Grøfter der kloakk og drikkevatn ligg side om side vert tidvis fylt opp – og vatn som er i rørsle inne i vassrøyra skapar eit undertrykk som fører til at forureina grøftevatn blir soge inn i drikkevatnet på veg mot den einskilde husstand. Det er meiningslaust at drikkevatn som seiast å vere trygt og helsesamt når det forlet vassverket – kan bli forureina og sjukdomsframkallande i leidningsnettet ut til forbrukarane.

Les meir i papiravisa