Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen og byggjeleiar Odd Henning Kristiansen var onsdag denne veka i Vadheim for å få dei siste oppdateringane om arbeidet med dei tre gamle bruene i Dyrneslia, på fylkesveg 93.

Forseinkingar på fv 93 i Dyrneslia

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. november 2018

Innan midten av desember reknar Statens vegvesen med å kunne opne fylkesveg 93 i Dyrneslia i Vadheim att.

– Det betyr at det skjer to-tre veker etter den opphavlege sluttdatoen. Det er ikkje ein spesifikk grunn til det, men fleire mindre ting som gjer at entreprenør kjem til å bruke lenger tid enn tidlegare signalisert. Det er ikkje noko vi ønskjer med tanke på den lange tida vegen har vore stengd, og alle som har blitt råka av det. Men slik er det diverre no, seier prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen hos Statens vegvesen til Ytre Sogn.

Det er i alt tre bruer frå 1920-talet som dei siste månadene har blitt skifta ut i Dyrneslia over Vadheim. Spesielt rekkverket har vore dårleg, og gjorde det naudsynt å setje i verk tiltak. Vegen og terrenget bruene ligg i – samt røyrgata som går under dei – har imidlertid gjort at ein har måtte stengje vegen heilt når arbeidet pågår. Det mest gunstige, både når det gjeld kostnad og framdrift, er nemleg vore å skifte ut alle tre bruene samstundes.

– Elles hadde vegen vore stengd mykje lenger, seier Nilsen.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

Mellom 6 og 10 personar frå BMO Entreprenører har vore i arbeid på fylkesveg 93 i Dyrneslia i Vadheim sidan april i år.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord