Mina elskar å lese om «Gutta i trehuset»


3.klassingen Mina Ølmheim frå Høyanger er ein av svært mange elevar i kommunen som har delteke på leseaksjonen Sommarles 2018.  Onsdag kveld var det premiering.

I Høyanger samfunnshus vart det nemleg arrangert avslutningsfest for Sommarles 2018, og born frå store delar av kommunen møtte opp for å sjå framsyninga til Askeladden friteater, vere med på premieutdelinga, ete is og vere saman med andre leseglade elevar.

Les meir i Ytre Sogn fredag

Elevane som fekk premie (f.v) 5. klasse Lucas Hodneland Tonning (5.klasse), Andrine Sæle Holten (4.klasse), Mina Ølmheim (3.klasse), Malak Altaan (2.klasse) og Emma Marie Berge (1.klasse). Katrine Hesjedal (6. klasse) og Vilja Stølen Kamonen (7. klasse) fekk også premie, men var ikkje til stades i Samfunnshuset.

 

Før premieutdelinga var det teater i kinosalen. Der vart borna trollbundne av dei flinke skodespelarane frå Askeladden friteater.