Med Katrine og Adria på plass er det full bemanning på tannklinikken


– Det er ikkje så ofte det er to ledige tannlegestillingar på ein og same klinikk, seier Katrine Nymoen og Adria Mirabet Banet.

Med dei to er alle tre tannlegestillingane ved Høyanger Tannklinikk no fylte. Paret, som kjem frå høvesvis Vadsø og Barcelona, byrja der i mai i fjor. Men ettersom lokala då var under ombygging, er det først no at Høyanger er faste arbeidsstaden deira.

- Til no har vi pendla kvar vår veg. Eg til Balestrand og han til Sande, der tannklinikken har vore stasjonert med ombygginga har pågått. Men no er vi på same plass, seier Kristine Nymoen til Ytre Sogn.

Blitt kjende


Det var tilfeldig at dei hamna i Høyanger.

- Det er jo ikkje så ofte at det er to ledige tannlegestillingar på ein og same klinikk, slik det var her. Så vi greip moglegheiten, sjølv om ingen av oss hadde vore i Høyanger før.

Og så langt trivst dei, sjølv om mykje av tida til no har gått med til å gjere seg kjende på den nye arbeidsplassen.

- Så har ikkje vêret så langt tillete utflukter på fjellet og andre stader, seier ho.
Han nikkar samtykkjande.

- Men det får vi ta att, seier Adria Mirabet Banet.

Elles tykkjer dei at plassen dei jobbar på er fin, med kort veg til det meste.

- Og så har vi fått nye, moderne lokale, med det siste av utstyr. Det tek si tid å bli kjend med. Det var jo rett før jul at vi kunne flytte inn att, seier paret.

Tre tannlegar

Blant dei som set pris på dei to nye kollegane er Ingvild Boge, som no har vore tannlege i Høyanger sidan 207. Det betyr nemleg at klinikken no er fullt bemanna, med tre tannlegar, ein tannpleiar og tre sekretærar.

- Når det gjeld rekruttering av tannlegar så har vel situasjonen - med unntak av nokre få år - vore utfordrande sidan 2005. Så det er fantastisk å no få ikkje berre ein, men to nye tannlege-kollegaer på ein gong, sli at alle tre stillingane er fyllte. Det er vi fleire som er glade for, seier ho.