Matfestival i Hyllestad


– Det er ein fin måte å lære om andre kulturar på, seier 10.klassingane Felicia, Nina, Thea, June, Katja og Tuva om Barnas internasjonale matfestival, som vart arrangert på Hyllestad skule laurdag.

Dei var blant dei mange som bidrog under matfestivalen, som er den første i sitt slag her i fylket. På menyen stod rettar frå ulike verdshjørne, som ungdom frå Eritrea, Syria, Afghanistan, USA, Mexico, Colombia, Tyskland, Guatemala – og Norge – hadde laga saman.

4H Sogn og Fjordane stod bak festivalen saman med United World College i Flekke, dei statlege asylmottaka i Leirvik og Sørbøvåg og Hyllestad skule.

På menyen stod alt frå tysk apfelstrudel til afghansk lammegryte. Etter timar med førebuingar på skulekjøkenet vart rettane sett ut på langbord i gymsalen, der besøkjande kjøpte seg tallerken og kopp, og forsynte seg med rettane dei måtte ønskje. Blant dei som var med og laga maten var 10.klassingane Felicia Ziener, Nina S. Torvund, June Lavik Akse, Katja Wolff, Tuva S. Vold og Thea Pedersen Johannessen på Hyllestad skule, som alle har valfaget «Innsats for andre».

– Vi byrja med det i fjor, og då var vi blant anna på sjukeheimen og hadde handarbeid med bebuarane der. Sidan har vi også vore i barnehage og på asylmottak, fortel elevane.

Dei er samde om at tiltaket er ein fin måte å bli kjende med folk frå andre kulturar på.

– Vi møttest i forrige månad, både for å bli kjende med kvarandre og å prøve oss på dei ulike matrettane. Så dette har vore kjempebra! seier Felicia, Nina og Katja, og får samtykkjande nikk frå dei andre.

– Det er kjekt å smake på mat frå andre land. På den måten blir vi også kjende med kulturen deira. Mykje er annleis enn det vi er vande med i Norge. Men det er også noko likt, meiner June.

Les meir i papirutgåva!