Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Ordførar Petter Sortland la ned krans ved minnestøttene i Høyanger (biletet) og Vadheim. (Foto: Anita Nordheim)

Markerte frigjeringsdagen i Høyanger og Vadheim

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. mai 2020

I Høyanger kommune vart veteran- og frigjeringsdagen markert ved at ordførar Petter Sortland la ned kransar ved minnestøttene over dei falne i 2. verdskrig i Høyanger og Vadheim. 



I år er det 75 år sidan Norge igjen vart eit fritt land, etter fem år med tysk okkupasjon. 



– I jubileumsåret 2020 ville det normalt vore på sin plass å heidra dei som gjorde ein særleg innsats for fred og frihet under 2.verdskrigen og dei som sterkast fekk føle konsekvensane av krigen. Diverre er ikkje 2020 eit normalår. Vi står alle ovanfor ei lite føreseieleg og krevjande tid i Norge, Europa og verda, sa ordførar Petter Sortland i talen sin, som vart formidla digitalt til innbyggjarane i kommunen. 



– Covid 19-viruset vert spreidd med høg hastighet. Det er svært viktig at vi alle tek del i den nasjonale dugnaden og bidreg til å hindre smittespreiing, ikkje minst av omsyn til dei risikogruppene som er særleg utsette for denne sjukdomen. På bakgrunn av har regjeringa avgjort at ein skal avlyse årets 75-årsmarkering i si naturleg form, sa han vidare.

Du kan sjå heile talen som ordføraren framførte ved minnestøtta i Vadheim under.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord