Lokale nyhende frå Ytre Sogn 25. mai 2019
Ytre Sogn 25. mai 2019

Fleire veteranar som tenestegjorde i ulike tidsperiodar og på ulike stadar i verda samla seg til markering av frigjeringsdagen i Vadheim 8. mai.

8.mai-markering i Vadheim

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 9. mai 2019

I samarbeid med Norges Veteranforbund for internasjonale operasjonar (NVIO) inviterte Høyanger kommune til markering av veterandag og frigjeringsdagen 8.mai i Vadheim.

Sjølv om vårvêret ikkje viste seg frå si beste side hadde fleire teke turen til Vadheim sentrum for å vere med på årets 8.mai markering. Blant dei som var til stades var Tysklandsveterane Bjarne Thune, Kjell Gunnarskog og Knut Myrekrok frå Høyanger, som er tre av til saman fem veteranar frå Høyanger kommune som i fjor vart tildelt diplom frå Gunnar Sønsteby sitt minnefond.

– Vi tenestegjorde i ulike år og brigadar der også mange andre frå Høyanger var med. Eg tenestegjorde i Tyskland i 1949 i brigade 4-92, som betyr andre brigade i 1949, fortel Knut Myrekrok.

Les meir om markeringa i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord