Marius og medelevane er glade og letta over skulevedtak


– Det at vi no får behalde tilbodet gjer både meg og medelevane glade og letta, seier Marius Varden Fossen (16), elev ved 1sta ved Høyanger vidaregåande skule, til Ytre Sogn.

Han var blant dei som reagerte på at fylkesdirektør Bekka Skåsheim i førekant av møtet i Hovudutval for opplæring onsdag denne veka gjekk inn for at Vg2 studiespesialisering ved Høyanger vidaregåande skule ikkje vert sett i gang skuleåret 2019-2020. Bakgrunnen var første prøveinntak, som viste 19 inntekne - av dei 15 primærsøkjarar - og 11 ledige plassar. Minstekravet for å setje i gong tilbodet er 20 elevar.

I eit lesarinnlegg som stod på trykk i Ytre Sogn tysdag stilte Marius Varden Fossen (16) blant anna spørsmål om kva som ville skje om dei mista tilbodet, både for eigen og medelevane sin del. «Skal eg måtte flytte vekk frå heimbygda mi der eg har så å seie all familie og vener og miste heile min sosiale arena, og måtte starte heilt på nytt? Nei, det var ikkje det eg hadde planlagt for dei neste to åra», skreiv han i innlegget sitt.

Men på møtet onsdag denne veka gjekk altså eit samrøystes hovudutval inn for at Vg2-tilbodet likevel vert sett i gang.

– Sjølv om vi hadde god tru på at det skulle gå bra etter å ha fått indikasjonane på det frå ulike hald, vart eg og medelevane både glade og letta då vi fekk vite at vi ikkje mister tilbodet, seier Fossen.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!