Marita (35) skal drive nye kaféen i Vadheim


-Eg trur at fleire enn meg har sakna ein møteplass som denne i Vadheim, seier Marita Mossestad, nytilsett dagleg leiar for Malena Kafé, til Ytre Sogn

Planen er at kaféen skal opne i løpet av juni.



- Før den tid må vi ha løyve på plass, slik at vi kan servere mat og drikke. Det gjeld både inne og ute, seier Marita Mossestad, som byrja i den nye jobben som dagleg leiar for Malena Kafé for vel ei veke sidan.



Til no har ho jobba i administrasjonen i Firda Billag i Førde, på lønskontoret deira.



- Men på grunn av koronasituasjnen vart eg permittert. Det, saman med uvisse om kva som skjer vidare med jobben, gjorde at eg byrja å sjå meg om etter noko anna. Og då eg høyrde at Sven Bork såg etter folk til den nye kaféen i Vadheim, tok eg kontakt med han. 



Og ikkje lenge etterpå var den nye, kombinerte jobben eit faktum.



- Kaféen vil også fungere som resepsjon for dei som bur i dei fem utleigeeiningane som Borks Feriehus har i bygda. Det gjeld også sal av aktivitar, som fjordsafari med ribbåt og vannscooter, som firmaet også tilbyr, seier Mossestad, opphavleg frå Høyanger, men som flytta til Vadheim med mann og born for eit år sidan.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn! 


Siste månadane har gamle Hovlands Kafé vore gjennom ei omfattande rehabilitering.