Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

– For tre år sidan starta eg å dele undervisningsmateriale mitt på nettet. Det starta med små oppgåver, men raskt vart det spørsmål om meir, fortel Maren Lie Malmo.

Enklare kvardag for lærarar

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 7. desember 2017

I eit kvitt hus ute på Heggebøneset ved Leirvik sit det ei jente frå Trøndelag og produserer undervisningsmateriell for lærarar og elevar frå 1-7. klasse.

Maren Lie Malmo (32) er utdanna adjunkt ved Høgskulen i Bergen. Ein mastergrad i undervisningskunnskap, med fordjuping i pedagogikk, er under arbeid. Maren likar å gi elevar varierte utfordringar. Ho meiner alle elevar må få utfordringar etter nivået dei er på, og ikkje minst etter nivået dei skal arbeide mot.

”Eg vil gi lærarar flest mogleg innfallsvinklar til flest mogleg tema. Det er mitt fokus”, seier Maren.

Les meir i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord