Malin gjorde sitt livs løp


- Eg trur ikkje noko kan toppe dette, seier Malin Frøyen Bergset (52) frå Høyanger etter å ha fullført det ho kallar sitt livs løp, den 73,3 kilometer lange Oslotrippelen.

For dei som ikkje veit kva Oslotrippelen er; det inneber å springe dei tre distansane 42 kilometer, 21 kilometer og 10 kilometer etter kvarandre under Oslo Maraton. Det er også slik at ein har ei viss tid på seg til å fullføre kvar distranse. Greier ein ikkje den, får ein heller ikkje byrje på neste. Det var imidlertid aldri noko problem for Malin Frøyen Bergset.

Ho brukte 7 timar, 30 minutt og 15 sekund på dei ialt 73,3 kilometrane gjennom gatene i Oslo.

- Eg sette meg jo eit mål for eit år sidan om å fullføre Oslotrippelen, som i utgangspunktet skal vere umogleg å nå om ein kjenner til sjukdomshistoria mi..Meg eg nådde det, og det følest utruleg godt, seier Bergset til Ytre Sogn.

52-åringen frå Høyanger er nemleg medfødd ryggmarksbrokk, har vore gjennom 25 operasjonar i rygg, hofter og leggar, og lever med svulst i ryggen.

- Eg trur ikkje det er mange andre som kan vise til liknande, med eit slikt utgangspunkt. Men det er også det som har gjort at eg har greidd det - eit ønskje om å vise dei som ikkje hadde tru på det at dei tok feil, seier Bergset og har delar av helsevesenet i tankane. Enkelte av dei frårådde ho nemleg å drive med trening.

- No har trening blitt medisinen min, seier ho.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!