Malin førebur seg til sitt tøffaste løp til no


"80 kilometer. Så langt skal eg aldri springe», tenkte Malin Frøyen Bergset for berre nokre år sidan. Men no skal ho nettopp det.

Når vi møter ho heime å Dale i Høyanger tidleg om morgonen har ho allereie vore ute på dagens første løpetur. For sjølv om Ecotrail Oslo framleis er nesten eit år unna, er førebuingane i gang.

– Turane blir litt lenger no som eg har bestemt meg for å prøve meg på ultraløp. Ecotrail Oslo er 80 kilometer, og så langt har eg aldri sprunge før. Maraton er til samanlikning vel 42 kilometer. Så no prøver eg å springe 15 kilometer kvar morgon, før eg et frukost. Men det kjem sjølvsagt an på dagsformen. Eg har ikkje den luksusen at eg kan planleggje kvar økt. Eg må heile tida ta omsyn til korleis kroppen følest akkurat den dagen, seier Malin Frøyen Bergset til Ytre Sogn.

Mange operasjonar

Mange kjenner til historia hennar, blant anna frå «God Morgen, Norge» på TV2 og «Sommeråpent» på NRK, om ryggmarksbrokken som har gitt mykje smerter og i periodar nedsett kjensler i beina, og som ho har kjempa mot heile livet. Seinare vart det også oppdaga ein svulst nede i ryggmargskanalen, og framtidsutsiktene vart – om mogleg – endå dystrare. Med ein kropp meir eller mindre øydelagt av ei lang rekkje operasjonar vart ho førespegla eit liv i rullestol. Men så kom vendepunktet for fire år sidan, då ho sa ja til å vere med på det som skulle vere ein lett fjelltur, men som ikkje vart det. Sjokkert over kor dårleg form ho var i bestemte ho seg for å ta grep, og etterpå har ho knapt sett seg tilbake.
Det som byrja med korte spaserturar i nabolaget, enda med at ho to år seinare gjennomførte sitt første maratonløp. No står ultraløpet EcoTrail i Oslo for tur.

– Kvifor akkurat EcoTrail?

– Eg har heile tida hatt eit mål om å prøve meg på ultraløp, ein eller annan gong. Eg håpa eigentleg å gjere det allereie i år, men ein operasjon i skuldra før jul sette ein stoppar for det. Den vart tøffare å komme tilbake frå enn eg hadde tenkt, så eg måtte utsetje det litt. Men i mai neste år skjer det, seier ho og veit at det kjem til å bli tøft.

Løpet vil nok sitje att i kroppen i lang tid etterpå.

– Men er det noko eg er vand til, etter år med sjukdom, så er det å ha smerter. Så akkurat det bekymrer meg lite. Det vel eg tvert om å bruke til min fordel, seier ho med eit smil.

Disponere krefter

Sjølv kjenner ho ikkje til andre med same diagnose som har gjort noko liknande, utan at det er noko hinder.

– Trua på at eg skal greie det er dessutan sterkt. Det har hjelpt meg i tidlegare løp, og vil gjere det no også, seier Malin, men legg til at ho kjem til å gjennomføre medisinske testar på førehand, slik at ho er sikker på at ho vil tåle påkjenninga det blir.

Det er ikkje noko ho må. Men ho vel å gjere det for sin eigen del.

– Når det kjem til sjølve løpet, handlar alt om å disponere kreftene rett, slik at eg held ut i 80 kilometer, seier Malin.

Sjølv reknar ho med å bruke opp i 10-12 timar på å fullføre det.

–Men for meg er ikkje tida det viktigaste, påpeiker ho.
EcoTrail går, som namnet tilseier, både på asfalt inne i byen og på grusvegar og stiar i utkanten.

–Løypa er variert, og det var også ein av grunnane til at eg valde nettopp Eco Trail då eg skulle melde meg på eit ultraløp. I tillegg er det i Oslo, der eg har ein av dei viktigaste støttespelarane min, nemleg bror min Walter. Han organiserer det meste når eg er med i løp der, frå transport til og frå, til å sørge for drikke undervegs. Han fungerer også som mental trenar for ho.

Ho fortel at det er nokre månader sidan ho tok avgjerda om å melde seg på ultraløpet. 20. mai 2017 går startskotet.

– Kva tenkjer dei rundt deg om deltakinga?

– Det kom i alle fall ikkje nokon protestar då eg fortalde om det. Så det tolkar eg som om også dei har tru på at eg skal greie det. Dei heiar nok på meg, slik dei har gjort heile vegen, smiler ho.

Første heilmaraton

På spørsmål om kva ho sjølv tenkjer om alt ho har oppnådd siste åra svarar ho at tillet seg å vere stolt av seg sjølv. Samstundes er ho også takksam. Ja, det er nesten så ho er redd for å vakne opp og oppdage at det heile er ein draum.

– No gler eg meg over kvar ny dag. Det gjorde eg ikkje for berre fire år sidan, seier Malin.

Sidan den gong har ho fullført over 20 løp, av dei tre maraton.

– Kva som har vore høgdepunktet? Det må bli då eg gjennomførte mitt første maratonløp. Det skjedde i Oslo for snart to år sidan, den 20. september 2014. Det var stort for meg, seier ho.

Men sjølv om mykje av tida hennar no går med til å førebu seg til neste års EcoTrail i Oslo, betyr ikkje det at det ikkje er tid til andre løp. I byrjinga av september stiller ho til start i Knarvikmila, og seinare i månaden er det igjen tid for Oslo Maraton. Haugesund Maraton i november må ho også ha med seg.

– Det same gjeld maratonløpet på Gran Canaria i januar, og denne gong skal også mannen min, Svein Inge, delta. Det ser eg fram til. Det er viktig å ha noko å jobbe fram mot, ikkje minst når eg kan gjere det i lag med andre, seier Malin.

–Så kva skjer etter Eco Trail Oslo?

– Då må eg berre finne meg eit nytt mål, då, svarar ho og ler.