Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

– Dei har alle drive prosjektet framover på ein imponerende måte, seier Hydro Høyanger sin fabrikksjef Stian Moe Tangen (t.h.) om Inge Vadheim (f.v.), Åge Nesheim, Ingvar Norevik og dei andre i prosjektgruppa for den nye likerettaren (bak).

Målet er 70.000 t aluminium i året

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 28. august 2018

Den nye likerettaren til Hydro Høyanger sikrar ikkje berre ei meir robust straumforsyning til verket. På sikt håpar dei også at den skal bidra til at dei kjem opp i ein årsproduksjon på 70.000 tonn.

– Vi er heilt avhengige av å fortsetje den positive utviklinga av Hall A som vi har gjennomført dei siste 10-15 åra, både med med auka straumstyrke, betre straumutbyte og lågare straumforbruk. Dette er viktig for at vi skal klare å halde oss konkurransedyktige i ei verd av aluminiumsprodusentar som stadig utviklar seg, seier fabrikksjef Stian Moe Tangen ved Hydro Høyanger til Ytre Sogn.

Onsdag i førre veke vart det som er største investeringa Hydro har gjort i Høyanger sidan Hall A vart bygd i 1981 – den nye likerettaren til 100 millionar kroner – sett i ordinær drift.

– Den sikrar ikkje berre ei meir robust straumtilførsel til elektrolysehallen, ved at vi ikkje blir like sårbare om vi får problem med likerarar, transformatorar eller kraftproduksjon. Den nye likerettaren vil også gjere det mogleg å auke produksjonen frå elektrolysecellene ytterlegare, ved at vi kan halde fram med å auke strumstyrken. Kapasiteten til dei gamle likerettarane er fullt utnytta etter at straumstyrken har blitt auka frå 220 til 302 kiloAmpere (kA) sidan oppstarten av Hall A. No kan vi halde fram med å auke den, og dermed også auke aluminiumsproduksjonen. I fjor var den på 65.000 tonn, men på sikt er målet å komme opp i 70.000 tonn, seier Tangen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord