Malene håpar på VM-tur til Portugal


Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø håpar det skal bli tur til Portugal i oktober for å delta i verdsmeisterskapen i ultraterrengløp.

– No håpar eg verkeleg at det skal bli VM-tur på meg. Slik eg har forstått det er sjansane gode etter at eg vart norsk meister, men eg har enno ikkje høyrt noko frå Norges Friidrettsforbund som skal føreta uttaket, seier Malene Blikken Haukøy til Ytre Sogn.

Norsk meister

Sist helg vart ho norsk meister i øvinga ultraterrengløp. Meisterskapen vart avvikla i Hornindal og var løpet Hornindal Rundt.

– Eg har høyrt rykte om at dei som vart norske meistrar i dame- og herreklassen skulle få VM-tur, så eg har eit godt håp om at det skal bli ein realitet, seier ho.