Må rehabiliterast for 644.000 kroner


I mange år har vedlikehaldet av ungdomshuset Valhall i Høyanger vore gjort på dugnad. Men no treng dei øknomisk støtte utanfrå.

- Vi ser at det er blir eit for stort økonomisk løft for oss å rehabilitere taket og dei gjenverande originale vindauga på bygningen. Difor har vi no søkt Norsk kulturminnefond om å bidra med 450.000 kroner, av kostnadane som totalt kjem på nærmare 650.000 kroner. Kor vidt dei går inn med heile den omsøkte sumen står att å sjå. Men dei opnar i alle høve for å dekke inntil to tredjedeler av kostnadane for denne type prosjekt, seier Terje Systad til Ytre Sogn.

I søknaden til kulturminnefondet går det fram at Valhalls venner også legg opp til dugnadsinnsats på 30.000 kroner, bruk av eigne materiale til 40.000 kroner, samt nærmare 125.000 kroner av eigne midlar. Totalt blir det nærmare 200.000 kroner.

-På taket må både stein og festeanordningar skiftast ut. Det er så dårleg at når det er uvêr så bles takstein av, og det er ikkje noko særleg når vi veit at det ligg skulebygningar rett ved, seier Systad og peikar opp på taket.

- Det fører også til at det kjem vatn inn i huset, slik at det blir råteskader. Så om vi ikkje sørger for å ha tett tak, har vi snart ikkje hus heller, seier han.

Lokalhistorikar Gaute Ljotebø peikar på at det er ikkje minst viktig med tanke på dei særeigne dekorasjonane inne i storsalen, laga av teatermålaren Rudolf Krogh. Det er få andre hus av denne typen som kan vise til maken - i alle fall her i fylket.

I tillegg til taket, må også fleire vindauge gjerast noko med.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!