–⁠ Må ikkje berre flytte problemet


– Ein vil berre flytte problemet om til dømes eigne helsefagarbeidarar skal utdanne seg til sjukepleiarar. Det er mangel på hender og hovud som er problemet, seier kommunestyrerepresentant Bettina Varden (Ap) i Høyanger.

Ho meiner difor at rådmann Kjellaug Brekkhus bommar noko med forslaget til kva som kan gjerast med sjukepleiarmangelen i Høyanger kommune. Ho trakk blant anna fram at det no vert jobba med å få til eit desentralisert sjukepleiarutdanning i Sogndal som mogleg tiltak.

Treng 5-6

Som det kom fram i Ytre Sogn nyleg har kommunen behov for fem-seks sjukepleiarar. Stillingane vart lyst ut i haust, utan særleg respons.

– Eg trur ikkje det er medisinen for å auke talet på sjukepleiarar, i alle fall ikkje ved å hente alle frå «eigne rekkjer» når det er mangle på hender og hovud som er problemt, seier Bettina Varden, kommunestyrerepresentant for Ap, til Ytre Sogn.


Ho har sjølv teke utdanninga, og nyleg takka ja til å jobbe som sjukepleiar i heimkommunen. Men ho understrekar at i denne saka uttalar ho seg som kommunestyrerepresentant og medlem i helse- og omsorgsutvalet for Ap.


– Om ein skal få tak i nok sjukepleiarar trur eg veldig mykje handlar om tilrettelegging. Kommunen sit per i dag på rundt 100 bustader. Dei kan ein til dømes leige ut til reduserte prisar til dei som kjem utanfrå. Det same gjeld barnehage- og sfo-plassar, seier ho og peikar på at ingenting hadde vore betre enn at det samstundes hadde blitt fleire born i skular og barnehagar.

Vil koste

Ho meiner at løn heller ikkje er til å kome utanom.

– Det er til dømes om kommunar som tilbyr ti års ansiennitet til nyutdanna sjukepleiarar. Men vel ein å tilby det, må det sjølvsagt kompenserast overfor dei som allereie jobbar som sjukepleiarar i kommunen. Løn under utdanning, mot at ein bind seg tilsvarande periode etterpå, kan også vere eit aktuelt tiltak, meiner ho.

Varden legg til at desse tiltaka sjølvsagt vil koste ein heil del.

– Men eg meiner kostnaden er liten i høve til det ein får igjen. Bemanninga må aukast uansett, seier ho.


Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!