Luftig bursdagsfeiring for Leif (90)


For Leif Hatlestad (90) frå Høyanger vart det ei bursdagsfeiring han seint vil gløyme.

- Dette er ei av dei flottaste opplevingane eg har hatt, seier jubilanten sjølv.



Den 13.oktober fyller han nemleg 90 år, og i den anledningen hadde to av barneborna - Linn-Hege og Kari-Anne - ordna med helikoptertur til fjella der han har gått sidan han var liten, med farsgarden Hatlestad i Viksdalen.



Med han i helikopteret var dei fire borna Erik, Tom, Gro og Nina.

- Eg har gått turen over fjellet frå Høyanger til Viksdalen sidan eg var liten. Ja, eg var ikkje meir enn 6-7 år første gongen. Sidan vart det mange fleire, fortel Leif Hatlestad til Ytre Sogn.



Sist gong var då han vart 80 år. Då gjekk han i lag med nokre av borna og barneborna, som hadde lurt med seg kake som han fekk servert på det høgste punktet.

Det fekk han også no.



- Og så vart det litt godt i glaset også, humrar han.

Leif Hatlestad på veg over fjellet, på det som også var første turen hans med helikopter.



Les meir i siste Ytre Sogn!