Lokalfotballen startar opp igjen i august


Det ligg an til oppstart for både herre- og damelaget til Høyang helga 14.-16. august.


Det går fram av ei pressemelding NFF Sogn og Fjordane sende ut fredag ettermiddag, om oppstart i 4.divisjon herrar (Kretsligaen) og 3. divisjon kvinner. 



Av pressemeldinga går det også fram at laga i dei to divisjonene blir fordelt i to avdelingar, der kampane blir gjennomført med doble seriar.


- Dersom vi hadde sett opp ein enkel serie som hadde nokre lag fått seks heimekampar, og nokre lag fem heimekampar. Med ein dobbel serie vil konkurranselikskapen blir meir rettvis. Her med tanke på at lag rykker opp, eller kan rykke opp, i seriar som NFF sentralt administrerer.



I 3.divisjon kvinner har dei sett opp avdelingane utifrå geografiske omsyn. 



* Avdeling 1: Balestrand, Høyang, Kaupanger 2/Sogndal 2, Sogndal, Studentspretten og Syril. 
* Avdeling 2: Førde, Måløy, Sandane, Selje/åheium og Stryn. 



Etter at dei to avdelingane i 3.divisjon kvinner er ferdigspelt, blir det gjennomført eit sluttspel.

Live-trekning



Når det gjeld Kretsligaen kjem dei til å gjennomføre ei live-trekning på NFF Sogn og Fjordane si facebook-side om kvelden onsdag 27.mai. 



I Kretsligaen er laga rangert ut frå sluttabellen i Kretsligaen i 2019, der følgande mal blir brukt:



* Nivå 1: Førde, Eid * Nivå 2: Studentspretten, Stryn * Nivå 3: Kaupanger, Måløy * Nivå 4: Høyang, Syril * Nivå 5: Bremanger, Dale
* * Nivå 6: Vik, Jølster

Etter at dei to avdelingane i Kretsligaen er ferdigspelt blir det også her gjennomført eit sluttspel.

Også for barne- og ungdomsseriane ligg det an til oppstart same helga.