LO i Ytre Sogn held temakveld


–Dette er eit arrangement vi steller i stand fordi vi opplever at mange av medlemane våre ikkje forstår bakgrunnen for at LO og fagrørsla støttar opp om folket i Palestina si sak, seier leiar Lars Kjetil Skeie i LO Ytre Sogn .

Om kvelden torsdag 22. november inviterer dei til open temakveld på Øren Hotel i Høyanger om situasjonen i Palestina. Sara Bell, som er leiar for Fagforbundet i Bergen, deltek på temakvelden.
– Ho er kjend for fleire av våre tillitsvalde, etter å ha delteke på fleire arrangement i regi av både Fagforbundet og LO her i fylket tidlegare, og ho er kjend som ein kapasitet på dei sakene ho engasjerer seg i. Så oppmodinga til folk er at dette bør ein setje av tid til å få med seg, seier Lars Kjetil Skeie, leiar i LO i Ytre Sogn.

Les meir i dagens Ytre Sogn