Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Livia Tonning Alrek har skåra og jublar hemningslaust saman med lagkameratane.

Livia skåra tre i handballdebuten

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 13. november 2017

Livia Tonning Alrek var ein av mange unge handballspelarar som koste seg under minihandballturneringa i Høyangerhallen denne helga.

6-åringen, Livia Tonning Alrek, skåra tre mål i si aller første handballturnering. Det kan ein kalle ein knallstart på ei eventuell karriere. Før den første kampen sat Livia litt spent saman med mamma, Katrine Nyland Tonning, men når dommar Patrick Fredriksen blåste i gang kampen var spenninga vekke.

-Ho hadde det kjekt på turneringa og var strålande nøgd, seier Katrine Nyland Tonning.

Livia Tonning Alrek og mamma Katrine Nyland Tonning er spente før turneringa

Les meir i Ytre Sogn tysdag

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord