Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. oktober 2018
Ytre Sogn 18. oktober 2018

Liv Norunn har sidan 2003 gått i bresjen for merking av ruter i fjellet. (Foto: Privat)

Liv Norunn gjekk i bresjen for å opne fjellet

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 8. juni 2018

I 2003 gjekk Liv Norunn Raasholm i bresjen for merkinga av stiar i fjellet mellom Lavik og Norevik. No, 15 år etter at ho opna fjellet for turgåarar, driv ho framleis på, med same glød og entusiasme.

Ytre Sogn møter friluftsjenta og er med på ein tur til Fuglefjell, der starten gjekk frå Bosdal. Dette er ein lett tur som ein går på under timen ein veg, men ho har vald Fuglefjell på grunn av utsikten. Frå toppen kan ein sjå langt innover Sognefjorden og like langt utover, der ferjene kryssar fjorden mellom Lavik og Oppedal.

I 2003 vart ho leiar i Fjelltrimmen, Lavik Idrettslag.
–Ein del folk kom til meg og spurde om eg ikkje kunne vise dei stiane i fjella, men eg kunne jo ikkje følgje alle på tur, så då måtte vi merke dei slik at folk kunne finne fram sjølv, tenkte eg, seier Liv Norunn Raasholm.

Les meir i Ytre Sogn

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord