Litande løysing på Høyanger sørside


Denne helga feirar Østerbø Maskin 40 års- jubileum. I 1977 registrerte Arne Olav Østerbø seg i meirverdiregisteret og handelsregisteret i ytre Sogn. Østerbø Reparasjonsverkstad var etablert og eventyret var i gong.

Med det velklingande slagordet ”Litande løysing” køyrer Østerbø Maskin vidare med kvalitet som fokus.

-Eg trudde eg skulle klare å skape 6-7 arbeidsplassar då eg starta.  På det tidspunktet såg eg ikkje føre meg noko slikt som vi har i dag, seier gründer og seniorrådgjevar, Arne Olav Østerbø.

Stor markering

Denne helga blir det stor markering av jubileet. Det blir snorklipping og offisiell opning av næringsbygget som Sogn og Fjordane Energi (SFE) har bygd. Dei 140 inviterte gjestane er ei blanding av leverandørar, kundar og naboar. Det blir middag og utdeling av plakettar for dei som har vore lengst i bedrifta.

Les meir om jubileet til Østerbø Maskin i papirutgåva fredag