Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. desember 2018
Ytre Sogn 18. desember 2018

Lisa Måren Løseth er blant dei beste i kappgang her i landet, men måtte bryte søndagens NM innandørs på grunn av tette luftvegar. (Foto: Privat)

Lisa måtte bryte

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 6. februar 2018

Lisa Måren Løseth hadde sett fram til 3000 meter kappgang i helgas innandørs NM i Rudhallen, men kvelden før ho skulle i aksjon vart den talentfulle jenta frå Høyanger sjuk. Ho stilte likevel til start, men måtte bryte løpet.

Lisa Måren Løseth måtte bryte undervegs i den 3000 meter lange kappgangkonkurransen i NM søndag. Ho reiste til NM Innandørs Sandvika 2018 med klare mål, og hadde sett fram til ein konkurranse på det høgste nivået her i landet. Det å møte regjerande meister Merete Helgheim og konkurrere mot dei beste gjer godt for ein ung utøvar på veg oppover. Men sjølv om ho vart sjuk valte Løseth å stille til start for å lære. Ho fullførte ikkje løpet, men fekk noko ut av det likevel.

Les meir i Ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord