Lisa (17) skal vere konferansier i Olavshallen


- Eg fekk ikkje vite at eg skulle til UKM-festivalen i Trondheim før ei god stund etter at fylkesmønstringa var over, seier Lisa Måren Løseth (17) frå Høyanger.

Ho var nemleg konferansier både under den lokale UKM-festivalen i februar, og sidan då ungdom frå heile Sogn og Fjordane samlast i Høyanger i april.

- No skal eg gjere det same under UKM i Trondheim, der ungdom frå alle fylka er med, seier Lisa Måren Løseth til Ytre Sogn.

UKM-festivalen er nemleg ikkje berre for dei som driv med musikk, dans eller kunst. I år har Sogn og Fjordane blant anna også med ein konferansier som skal leie ei av framsyningane i Olavshallen, og det er altså 17-åringen frå Høyanger.

- Konferansierane på den nasjonale festivalen vert valt ut av UKM Norge på bakgrunn av nominasjonar frå alle fylka. Lisa Måren Løseth vart valt ut til å vere Sogn og Fjordane sin kandidat på grunn av jobben ho gjorde på festivalen i Høyanger. Vi er glade for at ho også får vere med på den nasjonale festivalen, seier Eva Kristin Svidal, UKM-ansvarleg hos fylkeskommunen, til Ytre Sogn.

- Korleis blir det, Lisa?

- Det er gøy å vere blant dei som får vere konferansier. Eg trur vi er 12 i alt - to på kvar framsyning. Eg skal vere konferansier på framsyning nummer fem, som er siste dagen, torsdag 28.juni. Det betyr at eg kan følgje med på dei andre i dagane før, som er bra, seier 17-åringen.

Alle framsyningane i Trondheim blir sendt direkte på www.ukm.no

Du kan lese meir i siste utgåve av Ytre Sogn!