Linn & Jørn tilbake der han fridde


Den 19. august 2016 fridde Jørn Lund til Linn Fjæren på kanten av fjellet Gråberget. Nede i Høyanger låg det ein 350 kvadratmeter stor presenning med teksten ”Linn, vil du gifte deg med meg?”. No skulle dei tilbake på Gråberget, med heile brudestasen i sekken, for å forevige det med bilete.

Å vente på rette vêret kan vere ei frustrerande oppgåve når ein bur på Vestlandet. Linn og Jørn venta i fleire månader på at alt skulle klaffe, men så kom endeleg dagen. Sekkane vart pakka med heile brudestasen i. No skulle det skje!

Se videoen frå turen her og les meir i papirutgåva fredag

Linn & Jørn på Gråberget, med utsikt ut Høyangsfjorden.

 

https://www.youtube.com/watch?v=NaF9JvbMTTU