Lihestklyvet går som planlagt


Det tradisjonelle Lihestklyvet i Hyllestad går som planlagt.

Det skjer søndag 21. juni. 


- Ifølgje dei siste retningslinjene frå helsestyresmaktene vert det frå 15. juni opna for arrangement med inntil 200 deltakarar. Siste åra har talet på deltakarar i Lihestklyvet lege på rundt 100, og vi reknar difor med at vi held oss godt innanfor det. Difor har vi i fjelltrimgruppa til Hyllestad IL no bestemt at det blir Lihestklyvet i år også, seier Franziska Rüttimann, som er leiar i fjelltrimgruppa, til Ytre Sogn.


Og det er ho nøgd med.


- Arrangementet hang lenge i ein tynn tråd på grunn av restriksjonar knytt til koronasituasjonen. Men no vart det opning for at vi kunne arrangere det likevel - for 30. gong, sjølv om vi må ta visse forholdsreglar, seier ho.


Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!