Letta over å få opne salongen igjen


Nyheita om at frisørar og andre som har måtte stenge på grunn av smittevernsomsyn kan opne igjen eit par veker etter påske, vert teke imot med glede.

- Dette var ei gledeleg nyheit og ei stor lette, seier Venke Markeset hos Høyanger Dame- og Herrefrisør no.



Då Ytre Sogn snakka med ho i slutten av mars var ho engstelig for korleis det skulle gå med verksemda.

Ho ligg likevel litt på vent i høve kva tiltak som vert sett i verk. Sidan dette enno ikkje er heilt klart, vil ho vente med å ta imot bestillingar.

Det ho har lese seg opp på hittil er at det ikkje skal vere så mange i salongen om gongen. For hennar del er det ikkje noko problem, då ho har stor plass og dei er få tilsette.

Slik ho har tolka informasjonen så langt, betyr det at om det er fem eller fleire tilsette, må det jobbast i ei skiftordning.



- Det burde ikkje verte eit problem for nokre av frisørsalongane her i Høyanger, seier Markeset.

Uansett reknar ho med at det blir ein forsiktig oppstart, sidan helsevernsplanen er under utarbeiding. Ho tek ikkje sjansen på full opning før ho veit meir om kva tiltak som må gjerast. 



- Sjølv om vi har god hygiene i salongen til vanleg, vil vi vente på nærare informasjon. Vi vil snu oss fort rundt når vi får sikker informasjon, seier ei letta Venke Markeset hos Høyanger Dame- og Herrefrisør.