Lekkasje stoppa juleturneringar


Handballglade ungdomar og foreldra deira skulle gjere opp seg i mellom under årets juleturnering i handball, men etter ei ny lekkasje med store mengder vatn inne i Høyangerhallen måtte dei avlyse det heile.

Formann i handballgruppa, Svein Olav Aardal stod utanfor Høyangerhallen og stoppa dei som ikkje hadde blitt varsla om lekkasjen via Facebook.

–Eg vil ikkje utsetje handballspelarane i IL Høyang for eit sjansespel etter ein så stor lekkasje. Det er fort at ein skadar seg når det ligg vatn på golvet, seier Aardal.

Dagen etter valde også fotballgruppa å avlyse si juleturnering.

Les meir i Ytre Sogn fredag