Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. desember 2018
Ytre Sogn 19. desember 2018

- Leikeplassen er i dag eit trist syn, meiner leiar i Austreim Vèl Siv Anne Haaheim (f.v.) og styremedlem Jostein Sundet. Dei har no invitert Høyanger kommune på synfaring.

Leikeplassen på Austreim treng sårt vedlikehald

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 30. mai 2018

Det nye styret i Austreim Vel meiner at leikeplassen deira er potensielt farleg for borna deira. No vil dei ha Høyanger kommune på synfaring.

-Målet er å få leikeplassen oppgradert med sikkert utstyr sånn at det skal vere både kjekt og trygt for borna å bruke den. Vi vil også skape ein samlingsplass for at familiane som bur her kan møtast, fortel leiar i Austreim Vèl, Siv Anne Haaheim, til Ytre Sogn.

Som resten av styret tykkjer ho at borna fortener ein trygg og fin leikeplass som dei kan bruke. Og no har dei valt å gå saman for å få til ei endringa, som både gjer området tryggare, og skaper ein samlingsplass.

-Det byrja med at det var fleire av oss som ville gjere noko med leikeplassen og sidan det no har kome nye tilflyttarar passar det bra, fortset Haaheim.

Sjølv kan ho minnast frå eigen barndom at ho nytta leikeplassen mykje og at det ofte var mykje liv.

-Men det er ikkje fint her no og det trengst verkeleg ein oppgradering, seier ho før styremedlem Jostein Sundet forklarar kva dei vil gjere på området.

For det er ikkje berre nye leikeapparat som skal til for å gjere det brukande. Det er også feil på dreneringa. Gjerdet rundt ligg også nede.

-No er det jo tørt, men vanlegvis er det ei elv som går igjennom leikeplassen og sist gong vi hadde styremøtet var det ein stor dam midt på området, fortset Sundet

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Delar av gjerdet rundt leikeplassen ligg meir på bakken enn det står opp.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord