Lokale nyhende frå Ytre Sogn 23. april 2018
Ytre Sogn 23. april 2018

Banemeister Andrs Vefring er lei av stadig hærverk på sentrlidrettsanlegget i Høyanger. No sist gjekk det ut over innbytarbenken ved kunstgrasbana som dei nettopp hadde kjøpt inn, etter at den førre vart sett fyr på.

Lei av hærverk på idrettsanlegget

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. april 2018

Den nye innbytarbenken ved kunstgrasbana i Høyanger fekk knapt stå ei veke før den vart utsett for hærverk.

– Det er forferdeleg trasig at slikt ikkje får stå i fred. Vi hadde nett kjøpt to nye innbytarbenkar, etter at den førre vart utsett for hærverk. Og så skjer det no igjen, berre ei veke etter at den var montert opp. Heldigvis
– får vi seie – hadde vi ikkje sett opp den andre enno, seier banemeister Anders Vefring hos Høyanger kommune, som fekk beskjed om hærverket tidleg påskeaftan.

Han fortel at det var naboar som melde ifrå etter å ha høyrt folk som oppheld seg i området natta før.

-Neste dag gjekk fann vi den slik, seier han og nikkar mot pleksiglaset på begge sidene av benken, der det no er store hol.

– Det får ein ikkje til utan å ha med seg verktøy av eit eller anna slag. Det fortel at hærverket har vore planlagt. Dei har kome her for å øydeleggje. Det gjer det berre endå meir trasig, seier Vefring om hærverket som er meldt til politiet.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord