Leffen er framleis Kongen av sklia


Med tida 06:27 var det Leif Magne Solheim frå Høyanger som igjen stod øvst på resultatlista under «Kampen om sklia» i Høyangerbadet.

–Kva er hemmelegheita bak den gode tida?

– Noko er sjølvsagt hemmeleg, men det eg kan fortelje er at det ligg i slekta med god fysikk og fart i kroppen, seier han og smiler lurt.

Deltakarane var inndelt i tre klassar; barneklassen frå 0 til 9 år, ungdomsklassen frå 10 til 15 år og vaksenklassen frå 16 år og oppover.

Etter premieutdelinga samla alle deltakarane seg i utandørsbassenget.